Hopp til hovudinnhald
Forside Movia
  • Om oss
    • Visjon og Verdiar
    • Movia-konsernet
    • Samarbeid
    • Jobbe hos oss?
    • Sørlihytta
  • Arbeid og inkludering
    • Arbeidsførebuande trening - AFT
    • Varig tilrettelagt arbeid - VTA
    • Arbeidsretta rehabilitering - ARR
    • Oppfølging
    • Ekspertbistand
    • Oppfølging av flyktningar i Introduksjonsprogram
    • Arbeidsretta aktivitetstilbod - AAT
    • "HELT MED"
    • Karriererettleiing
      • Karriererettleiing i Movia
      • Karriereverktøy
      • Nyttige lenkjer
  • Produkt og tenester
    • Movia Sandane
    • Movia Stryn
    • Movia Nordfjordeid
  • Opplæring og kompetanse
    • Samarbeid med skular
    • Fagopplæring
      • Lærekandidat
      • Opplæringskontor - OKAMB Vestland
  • Kontakt oss
  1. Heim
  2. Produkt og tenester
  3. Movia Sandane

Movia Sandane

Vaskeriet

Vi tilbyr arbeid til menneske som av ulike årsaker treng tilpassa arbeid i ein periode. Ved å ha deg som kunde, bidreg du til at dette tilbodet vert oppretthalde med ein meiningsfylt arbeidskvardag så lenge dei har behov for det.

Produksjon

Vaskeriet til Movia er eit industrivaskeri med kapasitet på ca 700 tonn tøy pr år. I hovudsak leverar vi vaskeritenester til helseinstitusjonar, hotell og lokale privat- og bedriftskundar. Vi har ein ny og moderne maskinpark med store og mindre vaskemaskiner, vaskerør, rullebane for sengetøy, duk-rulle og tørkebane for uniformer. Siste åra har vaskeriet auka kapasiteten betydeleg, og nytt utstyr har fjerna mange manuelle og tunge oppgåver. Omtrent 25 personar har sitt arbeid på vaskeriet, dei fleste med mange år i bedrifta.

 

Kundar

Vaskeriet har to lastebilar som køyrer faste ruter i store delar av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Vi leverar i dag vaskeritenester til sjukehus, og omsorgssenter, heimetenester, tannklinikkar og legekontor i mange kommunar. Vaskeriet leverar og vaskeritenester til fleire mindre hotell, campingplassar og gjestegardar.

Kvar veke skiftar vaskeriet ut matter og moppar til mange bedrifter, skular og barnehagar i Gloppen. I tillegg vaskar vi uniformar og kjeldressar til fleire bedriftskundar.

Mange private kundar leverar inn dukar til vask og rulling. I tillegg vaskar og tørkar vi fiberdyner og fiberputer, gardiner og sengetøy til private kundar til fornuftige prisar.

 

Kvalitet og miljø

Movia sitt vaskeri er medlem av Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn som er med å kontrollere og sikre at vaskeriet til ein kvar tid følger gjeldande bransjestandard.

Movia sitt vaskeri er godkjent etter to ulike bransjestandardar; for handtering av tekstil til helseinstitusjonar og handtering av næringsmiddeltøy. Movia har karakteren A+ etter revisjon av begge desse standardane. Movia sitt vaskeri har fått diplom for Eksemplarisk utførelse av bransjekrava - kvart år sidan 2019. Berre nokre få vaskeri får denne utmerkinga årleg.

Movia er ei miljøfyrtårnbedrift. Dette inneber eit systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Miljøfyrtårn har eigne krav for vaskeri; om energiforbruk, innkjøp, avfall og miljøvennlig drift, samt godt arbeidsmiljø.

Movia er medlem av Grønt Punkt som er med å sikre at både vi og leverandørane våre har gode samfunnsøkonomiske og miljømessige returordningar av emballasje og plast.

Produkt og tenester til utleige:

  • Sengetøy og handdukar
  • Dukar (handbretta)
  • Serviettar (handbretta)
  • Moppar og klutar
  • Matter
  • Vask og rulling av dukar for privatkundar
  • Vask av fiberdyner og fiberputer

Kontakt oss på e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Du finn oss her: Industrivegen 18, 6823 Sandane

 

Arbeidsretta aktivitetstilbod - AAT

Arbeidsretta aktivitetstilbod ved Movia, avd. Sandane

AAT - Arbeidsretta aktivitetstilbod vart etablert i 2008 i samarbeid mellom Gloppen kommune og tidlegare Mona Vekst AS. Her jobbar personar som utfører varierte aktiviteter og arbeidsoppgåver gjennom ei arbeidsveke - med god tilrettelegging og oppfølging.

Hovudmålsetjinga vår er at du som arbeider her skal:

  • Oppleve meining og meistring i kvardagen.
  • Vere kreative, skapande og produserande.
  • Vere ein del av eit godt og trygt sosialt fellesskap.

Produkta vi produserer og leverar kan vi stolt vise fram. Du finn produkta våre i vår eigen butikk på avd. Sandane og hos Bakar Jon på Byrkjelo. Vi har også tennbrikettar til sals hos Coop Extra Sandane og Norli Sandane.

Ønskjer du å søkje arbeid her, eller kjenner du nokon andre som vil? Ta kontakt med Gloppen kommune, som handsamar søknaden og tildeler plass.

Du finn oss her: Industrivegen 14, 6823 Sandane

Kontaktinformasjon:

Dagleg leiar Øyvind Hervik

Dekkhotell

Dekkhotell og teknisk vedlikehald

Auka produksjon av vaskeritenester har ført til auka behov for stell og vedlikehald av maskiner og utstyr. Samanslåing av vaskeri og teknisk avdeling sikrar eit tettare samarbeid om produksjon og vedlikehald. I tillegg til dagleg vedlikehald, vert det regelmessig utført prøvetaking og kontroll av vaskeprosessane. Dette er oppgåver som våre tiltaksdeltakarar har fått god opplæring i å utføre.

Bedrifta eig mange bilar i køyretøyklassane B, C1 og C. Desse vert nytta på våre distribusjonsruter for levering av både tøy, post, og varer av eigen produksjon.  Bedrifta kan og tilby opplæring og praksis i transport og logistikkfaget.

Movia har investert i utstyr for dekkomlegging for kundar som lagrar dekk hos oss, og er godkjend av Statens vegvesen for å utføre Arbeid med hjul. Etterspurnad av omlegging og lagring av bildekk er jamt aukande. 

  • Personvernerklæring

Movia Utvikling AS
Org.nr.: 928 567 060

Industrivegen 18
6823 SANDANE

  • 57 00 93 80
  • post@movia.no