Varig tilrettelagd arbeid - VTA
Mål: Målet med VTA-tiltaket er å tilby moglegheita til å oppleve dei positive effektane av å ha eit fast og meiningsfylt arbeid. For å få ein varig tilrettelagd arbeidsplass, må du ha søkt om eller fått innvilga uføretrygd.
Arbeidsplass: Arbeidsplassen kan vere internt i Movia sine avdelingar eller i samarbeid med ordinære verksemder.
VTA-tiltaket varer fram til ein fyller 67 år. Ved overgang frå uføretrygd til alderspensjon ved fylte 67 år opphøyrer retten til å delta i VTA-tiltaket.
Det er NAV som søkjer inn til VTA-tiltaket.
Som eit utvida tilbod er Movia Utvikling AS og Gloppen kommune samde om å legge til rette for eit arbeidstilbod til personar som ved oppnådd aldersgrense ikkje lenger kan nytte VTA-tiltaket. Tildeling av eit slikt tilbod vert gjort etter ei individuell og heilskapleg vurdering. Det er Gloppen kommune som i samråd med Movia gjer vedtak om tildeling av plass.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om VTA-tiltaket
Kontaktinformasjon: