Det kan vere mange og samansette grunnar til at vi opplever utfordringar i yrkeslivet. Du er ikkje åleine om dette, og vi har lang erfaring med å finne løysingar som kan passe - også for deg. 


Menneska som kjem til oss har ulik alder, utdanning, erfaring og ikkje minst livssituasjon. Saman med deg finn vi vegen din vidare, enten den er i yrkeslivet eller ikkje.


Som arbeids- og inkluderingsbedrift er Movia si målsetting å skape positive endringar i trygge rammer med auka livskvalitet. Føremålet til Movia er å bidra til at menneske får utnytte ressursane sine ved å ta del i arbeidslivet.




 

Visjon 

Vår visjon er at Movia skal gje «Meirverdi for menneske og samfunn». Handlingane våre, tenestene vi leverer og produkta vi lagar, skal ha ein positiv effekt og vere til nytte for både enkeltpersonar og samfunnet som heilskap. Dette kan innebere økonomisk, sosial, kulturell eller miljømessig verdi.


Økonomisk meirverdi handlar om å skape berekraftig økonomisk vekst, og legge til rette for at fleire vert inkludert i arbeidslivet. Dette oppnår vi ved å sikre oss høg inkluderingskompetanse og effektive metodar for at alle som ønskjer det vert varig tilknytte arbeidslivet. Vi skal legge til rette for innovasjon og tenesteutvikling og vere gode rådgjevarar for næringslivet.


Sosial meirverdi handlar om å forbetre livskvaliteten til enkeltpersonar og samfunnet som heilskap. Dette kan innebere å auke kunnskap om - og legge til rette for - at menneske kan leve friske og sunne liv. Det kan handle om å fremje mogelegheiter for livslang læring for alle, gje sosial støtte og bidra til sosial inkludering og likestilling.

Kulturell meirverdi kan handle om å bevare og fremje kulturelt mangfald og arv, og fremje interkulturell dialog og forståing.

Miljømessig meirverdi handlar om å ta vare på naturen og miljøet for framtidige generasjonar. Dette kan innebere å redusere klimagassutslepp, bevare naturressursar, fremje berekraftige produksjonsmetodar og støtte miljøvennlege initiativ.

Vår visjon skal bidra til å skape eit berekraftig, inkluderande og rettferdig samfunn, der alle har like mogelegheiter til å realisere sitt potensial og leve eit verdig liv.


 

Verdiar

 

Likeverd handlar om at alle menneske har same verdi og verdigheit, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering eller andre karakteristikkar. Det inneber at alle menneske skal behandlast med respekt, rettferd og ha like mogelegheiter, og at ingen skal diskriminerast eller haldast utanfor. Movia jobbar for at alle får retten til å delta fullt ut i samfunnet, ha lik tilgang til utdanning, arbeid, helsetenester og andre viktige ressursar. Likeverd handlar ikkje om å behandle alle likt, men å anerkjenne og respektere mangfaldet og individuelle behov og ulikskapar.

 

 

 

 

 

Kompetanse handlar om at Movia til ei kvar tid skal sikre at vi har høg kompetanse på inkludering i arbeidslivet, og at vi har rett og tilstrekkeleg kompetanse til å levere tenester og produkt med god kvalitet. Kompetanse handlar også om å legge til rette for at menneske kan få relevant og etterspurd kompetanse som ein arbeidsgjevar vil verdsette. Å utvikle, eller få ny kompetanse, kan bidra til personleg vekst og tilfredsheit. Som igjen kan gje auka motivasjon og sjølvtillit.

 

 

 

 

 

Engasjement handlar om at Movia har eit sterkt ønskje om å inkludere fleire i arbeidslivet. Vi er dedikerte til føremålet vårt, og alle tilsette investerer mykje i nå måla vi set oss. I tillegg kan engasjement bidra til å skape ein positiv bedriftskultur. Når tilsette er engasjerte, påverkar dei andre rundt seg og skaper entusiasme og motivasjon. Dette kan bidra til eit godt samarbeidsklima og auke trivselen på arbeid. Movia ønskjer også å bidra til at enkeltmenneske blir engasjerte i eigne liv; til å sjå mogelegheiter, oppleve meistring, til å lære og utvikle seg.

 

 

 

 

Logoprofilen vår kan gje assosiasjonar til rørsle, vere på veg og ikkje stå i ro.

Det er eit godt og sterkt ord som utstråler positivitet. Movia er lett å hugse og lett å uttale. Namnet tek med historikken med å vise begge aktørane i namnet.

Med lang fartstid for begge bedriftene er dette ein styrke.