Arbeidsførebuande trening (AFT)
Arbeidsførebuande trening (AFT) er eit tilbod for personar som har midlertidig eller varig nedsett arbeidsevne, og såleis treng ekstra støtte for å kome i arbeid eller utdanning. Gjennom deltaking i AFT får tiltaksdeltakarar moglegheit til å prøve ut arbeidsevna si og styrke sjansane sine for å kome i ordinært arbeid.
Det er NAV som søker inn til tiltaket.
AFT inneheld:
- Kartlegging av ressursar og moglegheiter: Saman med deltakaren kartlegg vi kompetansen, og utforskar ressursane og moglegheitene deira. Vi tilbyr karriererettleiing som kan gjere deltakarar tryggare på vala sine m.o.t. utdanning og arbeid. Vi hjelper deltakar med å finne sine sterke sider og korleis dei kan nyttast i arbeidslivet.
- Arbeidstrening: Deltakar får tilbod om arbeidsutprøving i eit skjerma og tilrettelagt arbeidsmiljø. Målet er å avklare arbeidsevna deira gjennom ulike arbeidsoppgåver og situasjonar, slik at dei kan finne ut kva som passar best for dei.
- Arbeidsutprøving i ordinært arbeidsliv: Deltakar vil få støtte og bistand med å finne ei høveleg stad for utprøving i det ordinære arbeidslivet. Målet er ordinært arbeid. Rettleiar i Movia vil samarbeide tett med arbeidsgjevar for å sikre rett og god oppfølging.
- Tilrettelagt opplæring: Ved behov vil deltakar kunne få tilrettelagt opplæring for å oppnå kompetanse som aukar sjansane for arbeid. Dette kan vere basisferdigheiter, eller meir spesialisert yrkesfagleg kompetanse som er relevant for arbeidsmarknaden.
Kva kan deltakarar forvente av AFT?
- Individuell oppfølging: Deltakarar vil få tett oppfølging av erfarne rettleiarar som hjelper dei med å nå måla sine. Vi legg vekt på å skape eit trygt og støttande miljø der deltakarane kan utvikle seg i sitt eige tempo.
- Praktisk erfaring: Gjennom arbeidstrening får deltakarar verdifull erfaring frå ulike arbeidsoppgåver og bransjar. Dette gir dei eit betre grunnlag for å finne ut kva type arbeid som passar best for dei.
- Fleksibilitet: Tiltaket er fleksibelt og kan tilpassast deltakarane sine individuelle behov og mål.
Vi tek utgangspunkt i deltakarane sine ønske og behov, og saman med deltakar lagar vi ein plan for tiltaksperioden. Gjennomføringa skjer i nært samarbeid med NAV, og vi rapporterer jamleg om status til deltakaren sin NAV-rettleiar.
Varigheit: AFT-tiltaket kan vare i eitt år, med moglegheit for forlenging i ytterlegare eitt år. Varigheita tilpassast deltakarane sine behov og moglegheiter på arbeidsmarknaden. Movia har fortløpande inntak i AFT.
Kontakt oss: