Ekspertbistand

Ekspertbistand betyr at arbeidstakar og arbeidsgjevar får hjelp frå ein nøytral ekspert som har kompetanse på sjukefråvær og arbeidsmiljø. Ekspertbistand er utan kostnad for arbeidsgjevar, finansiert via NAV og ein del av IA-avtala. Målet med ekspertbistand er å førebyggje og redusere sjukefråværet og fråfall frå arbeidslivet.

Kven kan søkje?

  • Du har ein tilsett som har langvarig og/eller gjentakande sjukefråvær. Arbeidstakaren treng ikkje vere sjukmeldt når du søkjer om tilskot til ekspertbistand.
  • Både du og arbeidstakaren ønskjer hjelp.
  • Du og arbeidstakaren har vurdert eller forsøkt å løyse utfordringane på arbeidsplassen utan å lukkast, t.d. oppfølging og tilrettelegging.

NAV arbeidslivssenter, arbeidstakar og arbeidsgjevar må vere einige om ekspertbistand. Movia assisterer i denne samarbeidsprosessen.

Korleis søkje?

  • Ta kontakt med NAV arbeidslivssenter for å få bekrefta at ekspertbistand kan vere aktuelt.
  • Finn eksperten. Movia har fleire ekspertar med høg kompetanse på ulike område.
  • Søk om tilskot gjennom Altinn. Dette er eit kort søknadsskjema og NAV vil refundere utgiftene som kan vere på inntil 21 800 kr pr. sak.

Kva kan Movia tilby?

Movia sine ekspertar har lang og brei erfaring frå arbeid med arbeidsmiljø og sjukefråvær. Vi kan hjelpe med:

  • Karriererettleiing
  • Motivasjonsarbeid
  • Stressmeistring
  • Konflikthandtering
  • Finne jobbmatch
  • Livsstilsrettleiing
  • Kartlegging av arbeidssituasjon og helse
  • Kartlegge kompetanse og ferdigheitar
  • Arbeidsplassvurdering

Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Vi kan hjelpe deg med søknadsprosessen om det er ønskeleg.

Kontaktinformasjon:

Avdelingsleiar Åshild Vereide