Karriererettleiing
Karriererettleiing er ein prosess der du får hjelp til å finne ut kva yrke eller utdanning som passar best for deg. Gjennom samtalar og ulike verktøy, kan ein rettleiar i Movia hjelpe deg med å kartlegge interessene dine og dine sterke sider. Såleis finn vi dei beste mogelegheitene du har.
Kva kan karriererettleiing innebere?
- Utforsking av interesser og ferdigheiter: Finne ut kva du likar å gjere og kva du er flink til.
- Informasjon om utdanning og yrke: Få oversikt over ulike utdanningsvegar og moglege yrkesval.
- Val av utdanning: Hjelp til å velje rett utdanning basert på dine mål og interesser.
- Jobbsøking: Tips og råd om korleis du kan skrive ein god CV, søknad og førebu deg til jobbintervju.
- Personleg utvikling: Støtte i å utvikle sjølvinnsikt og sjølvtillit.
Kvifor er karriererettleiing viktig?
Karriererettleiing kan vere avgjerande for å ta gode val for framtida. Det kan hjelpe deg med å unngå å velje feil og finne ein karriere som gir meining og glede. Ved å få rettleiing kan du også oppdage nye mogelegheiter som du kanskje ikkje har tenkt på før.
Korleis få karriererettleiing?
Karriererettleiing er ein naturleg del av innhaldet i arbeids- og inkluderingstenestene vi har i Movia. Som deltakar i eitt av dei arbeidsretta tiltaka våre, vil din rettleiar sikre at du får karriererettleiing som er tilpassa deg og dine ønske.