Våre viktigaste samarbeidspartnarar
NAV og næringslivet er dei viktigaste og største samarbeidspartnarane våre. Vi inngår årlege samarbeidsavtalar med NAV Vestland og leverer tenester til NAV Nordfjord. Vi har eit tett samarbeid med næringslivet i regionen på tvers av bransjar. Det tette samarbeidet er avgjerande for å finne gode og varige løysingar som betrar livskvaliteten til menneske som har vanskar med å vere i arbeid eller står heilt utanfor arbeidslivet.
Samarbeid med andre aktørar
Eit tett samarbeid med andre aktørar er viktig for å møte utfordringane på beste måte, t.d. i fylkeskommunen, kommunane og helsetenestene. For at vi saman skal kunne gje det beste tilbodet til deltakarane, er det viktig at vi alle ser heile mennesket og dreg i same retning. For deltakarane kan arbeid vere nøkkelen til betre livskvalitet.
Arbeidstrening i det ordinære arbeidslivet
Movia sitt utgangspunkt er at yrkesretta aktivitet er den viktigaste arenaen for å bli inkludert i arbeidslivet. Difor har vi til ei kvar tid mange deltakarar ute på arbeidsplassar rundt omkring i heile Nordfjord. Vi legg vekt på å etablere samarbeid med verksemder i deltakarane sine nærområde, både fordi det er lønsamt for arbeidsgjevarane og ein fordel for deltakarane.
Gode løysingar for alle partar
Vi arbeider for gode løysingar for alle partar. Slik skapar vi grunnlaget for verdifulle relasjonar for samfunnet, arbeidsgjevar og arbeidstakar.