Movia Eigedom AS disponerer Sørlihytta etter avtale med Gloppen kommune. Avtalen har ein klausul om at hytta først og fremst skal vere eit tilbod til menneske med funksjonshemming. Hytta er nyleg pussa opp og mykje er gjort på dugnad.
Hytta har innlagt straum og vatn (ikkje varmtvatn), og er funksjonell for eit avslappande hytteliv.
Tilkomst via riksveg 60 over Utvikfjellet (Fjellvegen), med moglegheit for parkering ved hytta om sommaren. På vinterstid er det ca 200 meter frå parkeringsplassen til hytta.
Fasilitetar:
- Innlagt straum og vatn.
- To soverom med til saman 5 sengeplassar, perfekt for familie og venner.
- Normalt utstyrt kjøkken, med komfyr og kjøleskap. Det er innlagt vatn, men ikkje varmtvatn.
- Koselig stove, ideell for hyggekveldar.
- Vassklosett
- Stor terrasse der du kan nyte den fantastiske utsikta.
- Tilgang til bålpanne, benkar og rastebord.
Om du ønskjer å leige hytta eller har behov for meir informasjon kan du ta kontakt med Movia Eigedom AS v/Geir Peder Ueland.
Kontaktinformasjon:
![]() |