Oppfølging

Oppfølging er eit tiltak for å få eller behalde ein jobb

Det er NAV som søker inn til tiltaket. Movia samarbeider med A2G om å gjennomføre tiltaket i Nordfjord.

Du kan få tilbod om oppfølging dersom du treng støtte for å skaffe eller behalde ein jobb.

Kva kan du få? Tiltaket blir tilpassa dine behov og moglegheiter på arbeidsmarknaden.

Du kan få rettleiing, råd og hjelp til:

  • Jobbsøking og karriererettleiing
  • Tilpassing og tilrettelegging av arbeid og arbeidssituasjon
  • Praktiske oppgåver knytte til arbeid
  • Opplæring i sosiale og arbeidsrelaterte ferdigheiter

Ein rettleiar frå Movia vil følge deg gjennom tiltaksperioden.

Når du har eit arbeidsforhold - Dersom du er i eit arbeidsforhold, og til dømes er sjukmeld, vil oppfølginga skje i tilknyting til jobben din. Dersom det ikkje er mogleg å gå tilbake til ditt noverande arbeid, får du hjelp til å finne ein ny jobb. 

Når du ikkje har eit arbeidsforhold - Dersom du ikkje har ein jobb, vil oppfølginga fokusere på å styrke kompetansen din og motivere deg som jobbsøkar. Du får nødvendig støtte både i jobbsøkingsfasen og i starten av ein ny jobb, inkludert tilrettelegging av arbeidssituasjonen.

Kor lenge varer tiltaket? Oppfølginga kan vare opptil 6 månader, med moglegheit for forlenging i ytterlegare 6 månader. Ved særlege behov kan tiltaket vare i inntil 3 år.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om Oppfølging.

Kontaktinformasjon:

Avdelingsleiar Åshild Vereide