HELT MED
Stiftinga HELT MED jobbar med å opprette arbeidsplassar for menneske med utviklingshemming, utviklingsforstyrringar og lærevanskar. Movia er samarbeidspartnar med ansvar for oppfølging av arbeidstakarar og arbeidsgjeverar i Nordfjord.
Visjonen til HELT MED er at menneske med utviklingshemming skal:
- Få same moglegheit til å velje mellom jobbar dei er interessert i
- Oppleve at dei gjennom deltaking i arbeidslivet er inkluderte og deltakande i samfunnet, på lik linje med andre
- Oppleve at dei er til nytte for andre
HELT MED er landsdekkande og Movia er stolt samarbeidspartnar i Nordfjord kommunane.