Movia er ein mangfaldig arbeidsgjevar med eit stort spenn i produksjon og tenesteleveranse. Vi har erfarne og kompetente tilsette med stort engasjement.
Hos oss finn du ergoterapeut, møbelsnikkar, mekaniker, sosionom, barnevernspedagog, ingeniør, m.m. Fellesnemnaren er at alle tilsette jobbar for å skape positive endringar i trygge rammer og auka livskvalitet for den enkelte. Føremålet til Movia er å bidra til at menneske får utnytte ressursane sine gjennom å ta del i arbeidslivet
Kvifor jobbe hos Movia?
-
Inkluderande arbeidsmiljø: Vi legg stor vekt på likeverd og respekt for alle, uavhengig av bakgrunn. Hos oss blir du ein del av eit mangfaldig team der alle blir sett og høyrt.
-
Personleg og fagleg utvikling: Vi tilbyr kontinuerleg opplæring og utviklingsmoglegheiter for våre tilsette. Du får høve til å utvikle kompetansen din og bli trygg i arbeidet ditt.
-
Engasjement og motivasjon: Vi er engasjerte i arbeidet vårt og har stor motivasjon for å inkludere fleire i arbeidslivet. Ditt engasjement vil vere eit viktig bidrag til å skape ein positiv bedriftskultur og auka trivsel på arbeidsplassen.
-
Innovasjon og samarbeid: Vi legg til rette for innovasjon og tenesteutvikling, og vi verdset gode idear og samarbeid på tvers av avdelingar. Hos oss får du moglegheita til å påverke og bidra til utviklinga av våre tenester.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er motivert, engasjert og ønskjer å gjere ein forskjell. Du bør ha eit ønske om å bidra til eit inkluderande samfunn og vere open for å lære og utvikle deg. Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav – dine personlege eigenskapar er det viktigaste. Og at du deler vår visjon og våre verdiar.
Vi har for tida ingen ledige stillingar, men ta gjerne kontakt om du ønskjer å bli betre kjent med oss!
Kontakt informasjon: