Arbeidsretta rehabilitering (ARR) er eit tiltak som skal styrke arbeidsevna og bidra til meistring av helserelaterte og sosiale utfordringar som er til hinder for deltaking i arbeidslivet.
Målet er å halde fram i noverande jobb eller finne nytt arbeid. Målgruppa er sjukmelde og/eller personar med nedsett arbeidsevne som har gjort det vanskeleg å behalde eller skaffe seg inntektsgjevande arbeid.
NAV søkjer inn i ARR. Movia samarbeider med A2G om levering av tiltaket i Nordfjord.
Innhaldet i tiltaket kan vere:
- Rettleiingssamtalar
- Arbeid hos eigen arbeidsgjevar eller i anna ordinær bedrift
- Arbeidsplassvurdering
- Karriererettleiing
- Fysisk aktivitet og kosthaldsrettleiing
- SIA (Strukturert individuell arbeidsevnevurdering)
I tiltaket samarbeider vi tverrfagleg med deltakar, NAV, arbeidsgjevar og behandlar (t.d. lege, fysioterapeut eller psykolog). Det vert utarbeidd ein sluttrapport med tilrådingar og/eller plan for vidare oppfølging for å få eller kunne behalde arbeidsforholdet.
Tiltaket varer i 4 veker, men kan forlengast i inntil 12 veker.
Kontakt oss: