Treavdelinga har sitt namn frå tida då den hovudsakleg var ein delprodusent for trevareindustrien. I dag er det ei avdeling med ein mangfaldig produksjon av varer og tenester:
- Montering og pakking av ergonomisk utforma støttehåndtak til toalett for Bano AS.
- Produksjon av båtkrybber som understøtte for transport av nye båtar for Øien Båt AS.
- Papirmakulering: Tenester for kontorarbeidsplassar i Nordfjord.
- Pallar: Produksjon for Hagen AS og Bolseth Glass AS.
- Ved: Levering til privatmarknaden i Nordfjord.
- Trevareproduksjon: Utemøblar, søppeldunkar og diverse andre produkt, etter førespurnad.
- Nordfjord Miljøverk: Sortering og pressing av plast og papir på deira anlegg i Eidsmona. Dette gir varierte arbeidsoppgåver med køyring av anleggsmaskiner og manuell utsortering av avfallsfraksjonar. Vi tilbyr også øvingskøyring for truck og anleggsmaskiner.
Treavdelinga er godkjent som lærebedrift i møbelsnekkarfaget.
Du finn oss her: Industrivegen 18, 6823 Sandane