Sandane
Arbeidssenteret er eit arbeidsretta aktivitetstilbod ved Movia, avd. Sandane vart etablert i 2008 i eit samarbeid mellom Gloppen Kommune og tidlegare Mona Vekst AS. Her arbeider personar som ved god tilrettelegging og oppfølging utfører ulike arbeid og aktivitet i løpet av arbeidsveka.
Hovedmålsetjinga vår er at du som arbeider her skal:
- Få oppleve meining og meistring i kvardagen.
- Få vere kreative, skapande og produserande
- Få vere ein del av eit godt og trygt sosialt fellesskap
Produkta vi leverer og produserar kan vi stolt kan vise fram. Du finn blant anna produkta vi lagar i vår eigen butikk på avd. Sandane og hos Bakar Jon på Byrkjelo. Vi har også Tennbriketttralle hos Coop Extra Sandane og Norli Sandane.
Ønskjer du å søkje arbeid her, eller kjenner du nokon andre som ønskjer det? Ta kontakt med Gloppen kommune, som handsamer søknaden og tildeler plass.
Treavdelinga
Treavdelinga har sitt namn frå tida då den i hovudsak var delprodusent til trevareindustrien. I dag er det ei avdeling med ein mangfaldig produksjon av varer og tenester:
- Bano AS - montere og pakke ergonomisk utforma støttehåndtak til toalett.
- Øien båt AS - lagar vi båtkrybbe som undersstell for transport av nye båtar.
- Makulering av papir for kontorarbeidsplassar i Nordfjord
- Pallar til Hagen AS, Bolseth Glass AS
- Ved til privatmarkedet i Nordfjord
- Trevareproduksjon à utemøbler, søppeldunkar, div anna etter forespørsel
- Nordfjord Miljøverk. Vi utfører sortering og pressing av plast og papir på deira anlegg i Eidsmona. Det gjev gode og varierte arbeidsoppgåver med køyring av anleggsmaskiner og manuell utsortering av avfallsfraksjonar. Her tilbyr vi øvingskøyring for truck og anleggsmaskiner.
Treavdelinga er godkjent lærebedrift innan møbelsnekkarfaget.
VI TILBYR ARBEID TIL MENNESKER SOM AV ULIKE ORSAKER TRENG TILPASSA ARBEID I EIN PERIODE. VED Å HA DEG SOM KUNDE, BIDREG DU TIL AT DETTE TILBODET VERT OPPRETTHOLDT OG AT MENNESKA FÅR EI MENINGSFYLT ARBEIDSKVARDAG SÅ LENGE DEI HAR BEHOV FOR DET.
Produksjon
Vaskeriet til Movia er eit industrivaskeri med kapasitet på ca 700 tonn tøy pr år. I hovudsak leverar vi vaskeritenester til helseinstitusjonar, hotell og lokale privat- og bedriftskundar. Vi har ein ny og moderne maskinpark med store og mindre vaskemaskiner, vaskerør, rullebane for sengetøy, dukrulle og tørkebane for uniformar. Siste åra har vaskeriet auka kapasiteten betydeleg og nytt utstyr har fjerna mange manuelle og tunge oppgåver. Omtrent 25 personar har sitt arbeid på vaskeriet, dei fleste med mange år i bedrifta.
Kundar
Vaskeriet har to lastebilar som køyrer faste ruter i store delar av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Vi leverar i dag vaskeritenester til eit sjukehus, og alle omsorgssenter, heimetenester og legekontor i 11 kommunar. I tillegg er vi leverandør av vaskeriteneste til mange tannklinikkar.
Vaskeriet leverar og vaskeritenester til fleire mindre hotell, campingplassar og gjestegardar.
Vaskeriet skiftar kvar veke ut matter og moppar til mange bedrifter og skular/barnehagar i Gloppen. I tillegg vaskar ein uniformar og kjeldressar til fleire bedriftskundar.
Mange private kundar leverar inn dukar til vask og rulling. I tillegg vaskar og tørkar vi fiberdyner og fiberputer, gardiner og sengetøy for private kundar til fornuftige prisar.
Kvalitet og miljø
Movia sitt vaskeri er medlem av Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn som er med å kontrollere og sikre at vaskeriet til ein kvar tid følgjer gjeldande bransjestandard.
Movia sitt vaskeri er godkjend etter to ulike bransjestandardar. Både for handtering av tekstil til helseinstitusjonar og handtering av næringsmiddeltøy. Movia har karakteren A+ etter revisjon av begge desse standardane. Movia sitt vaskeri har fått diplom for eksemplarisk utførelse av bransjekrava kvart år sidan 2019. Ei handfull vaskeri får denne utmerkinga årleg.
Movia er ei miljøfyrtårnbedrift. Dette inneberer eit systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Miljøfyrtårn har eigne krav for vaskeri om energiforbruk, innkjøp, avfall og miljøvennlig drift samt godt arbeidsmiljø. Movia har eige personell og system for reparasjon av tøy. Dersom tøy ikkje kan reparerast vert det nytta til andre formål gjennom samarbeid med hjelpeorganisasjonar og liknande, eller seld som filler til verkstadbedrifter.
Movia er medlem av Grønt Punkt som er med å sikre at både vi og våre leverandørar har gode samfunnsøkonomisk og miljømessige returordningar av emballasje og plast.
Produkt og tenester til utleige
Sengetøy og handdukar
Dukar (handbretta)
Serviettar (handbretta)
Moppar og klutar
Matter
Vask og rulling av dukar for privatkundar
Vask av fiberdyner og fiberputer
Samarbeidspartnarar
Vevang Produksjon
Indre Sogn ASVO
Kontakt oss på e-post: