Arbeidsretta rehabilitering (ARR)
Arbeidsretta rehabilitering er eit tiltak som skal styrke den einskilde si arbeidsevne, og bidra til meistring av helserelaterte og sosiale problem som hindrar deltaking i arbeidslivet. Målet er å bli i noverande arbeidsforhold eller kome i nytt arbeid. Målgruppa er sjukmeldte og/eller personar som har fått si arbeidsevne nedsett slik at vedkommande er blitt hindra i å behalde eller skaffe inntektsgjevande arbeid.
Innhaldet i tiltaket er rettleiingssamtalar. arbeid hjå eigen arbeidsgjevar eller i anna ordinær bedrift, arbeidsplassvurdering, karriererettleiing, fysisk aktivitet/kosthaldsrettleiing, SIA (Strukturert individuell arbeidsevnevurdering)
I tiltaket arbeider ein tverrfagleg samarbeid med deltakar, NAV, arbeidsgjevar og behandlar (td. Lege, fysioterapeut eller psykolog). Det vert utarbeidd sluttrapport med tilråding og/eller plan for vidare oppfølging for å få eller behalde arbeidsforholdet sitt.
Varigheita på tiltaket er 4 veker, med moglegheit for forlenging inntil 12 veker.