Den viktigaste og største samarbeidspartnaren vår er NAV. Vi inngår årlege samarbeidsavtalar med NAV Vestland, og leverer tenester til NAV Nordfjord. Dette tette samarbeidet er avgjerande for å finne gode og varige løysingar for å betre livskvaliteten til menneske med utfordringar i og utanfor arbeidslivet.
For å møte utfordringane på beste måte, er det er viktig med eit tett samarbeid med fylkeskommunen, kommunane og helsevesenet. For at vi saman skal kunne gje det beste tilbodet til deltakaren, er det viktig at vi alle ser heile mennesket og dreg i same retninga for felles framgang. For deltakaren kan arbeid kan vere nøkkelen til betre helse, og for arbeidsgjevaren kan det vere eit steg mot betre bemanning.
Filosofien til Movia er at den beste arbeidstreninga er i det ordinære arbeidslivet. Det gjer at vi til jamt over har 50 til 60 personar (deltakarar) ute på arbeidsplassar rundt omkring i heile Nordfjord. Vi legg vekt på å etablere samarbeid med verksemder i deltakarane sine nærområde, både fordi det er lønnsamt for dykk og ein fordel for deltakaren.
Vi arbeider for gode løysingar for alle partar. Slik skapar vi grunnlaget til verdifulle relasjonar for samfunnet, arbeidsgjevar og arbeidstakar.