Arbeidssenteret er eit arbeidsretta aktivitetstilbod ved Movia, avd. Sandane vart etablert i 2008 i eit samarbeid mellom Gloppen Kommune og tidlegare Mona Vekst AS. Her arbeider personar som ved god tilrettelegging og oppfølging utfører ulike arbeid og aktivitet i løpet av arbeidsveka.
Hovedmålsetjinga vår er at du som arbeider her skal:
- Få oppleve meining og meistring i kvardagen.
- Få vere kreative, skapande og produserande
- Få vere ein del av eit godt og trygt sosialt fellesskap
Produkta vi leverer og produserar kan vi stolt kan vise fram. Du finn blant anna produkta vi lagar i vår eigen butikk på avd. Sandane og hos Bakar Jon på Byrkjelo. Vi har også Tennbriketttralle hos Coop Extra Sandane og Norli Sandane.
Kunne du, eller kjenner du nokon som vil søkje arbeid her? Ta kontakt med Gloppen kommune, som handsamer søknaden og tildeler plass.